{"product_id":"tekking-og-kledning-med-emne-fra-skog-og-mark","title":"Tekking og kledning med emne frå skog og mark - Frå den eldre materialforståinga","description":"\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cspan style=\"font-size: 11.0pt; line-height: 115%; color: black;\"\u003eDenne detaljrike boka handlar om det som er utanpå husa . tekking og kleding med materialar og leggjemønster som vi finn eller som fanst på hus i Noreg. For den som skal restaurere, vil boka såleis vera til stor nytte. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp class=\"MsoNormal\"\u003e\u003cspan style=\"font-size: 11.0pt; line-height: 115%; color: black;\"\u003eSamanlikna med det vi ser i mykje av nyare hus, er dei gamle teknikkane påfallande varige. Spon på stavkyrkjer kan liggje i fleire hundre år. Kledningar frå tidleg på 1800-talet kan vera like gode som nye, medan kledningar lagde berre for 20 år sidan, rotnar. Mange vil difor nytte seg av eldre byggjemåtar, også av di dei er vakre. Mindre varige løysingar, men som nyttar kortreist råstoff så som lyng, ris, granbork og halm, er også med i boka. \u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e\n\u003cp\u003e\u003cspan style=\"font-size: 11.0pt; line-height: 115%; font-family: 'Aptos',sans-serif; mso-ascii-theme-font: minor-latin; mso-fareast-font-family: Aptos; mso-fareast-theme-font: minor-latin; mso-hansi-theme-font: minor-latin; mso-bidi-font-family: 'Times New Roman'; mso-bidi-theme-font: minor-bidi; color: black; mso-ansi-language: NO-BOK; mso-fareast-language: EN-US; mso-bidi-language: AR-SA;\"\u003eStørste delen av boka er skriven av Jon Bojer Godal, men han er godt supplert av Aadne Sollid, Einar Engen, Grete Holmboe, Jørn Berget, Roald Renmælmo og Trond Oalann, medan Steinar Moldal har teikna dei fleste illustrasjonane. Dei har alle vore aktive i arbeid med å dokumentere byggjeskikken vår.\u003c\/span\u003e\u003c\/p\u003e","brand":"Nordmorsmusea AS","offers":[{"title":"Default Title","offer_id":44004309893185,"sku":"1167","price":850.0,"currency_code":"NOK","in_stock":true}],"thumbnail_url":"\/\/cdn.shopify.com\/s\/files\/1\/0671\/5002\/0673\/files\/Tekkingogkledningmedemnefaskogogmark.jpg?v=1780659291","url":"https:\/\/nordmorsmusea-live.myshopify.com\/en\/products\/tekking-og-kledning-med-emne-fra-skog-og-mark","provider":"Nordmorsmusea AS","version":"1.0","type":"link"}